Ivaren driv med så mangt! Han bryggjar øl på gamlemåten, dvs. gjæring i opne kar, flaskemodning og null filtrering og pasteurisering. Ivaren er overtydd om at dette gir den beste smaksopplevinga. Og i dag testa han eit nytt fatlagra øl i Rekved-serien, som snart blir tilgjengeleg for fleire...
Og Ivaren inviterer operastjerner frå OperaKysten på ølkaféen sin Vesle Kinn og i 2018 stelte han til KinnFest i Florø med dei kulaste rockebanda, som til dømes Skambankt. I tillegg finn han på mykje anna moro. Livet er ganske så bra og 2019 lovar han blir eit spennande ølår🙂.
God helg der ute!
2019 blir eit spennande ølår
På Kinn Bryggeri lagar vi handverksøl i engelsk og belgisk stil basert på det reine vatnet frå Sagafjella. Gamle handverksteknikkar, som open gjæring og flaskemodning er viktige for oss. Ingen av våre øl blir pasteuriserte eller filtrerte, og alt blir produsert på våre to bryggeri i Florø.
Anne-Margitt Banne - AMB@kinn.no |
Contacts /
For more information, please contact:
Anne-Margitt Banne